Søk i denne bloggen

onsdag 5. mai 2010

FILMOPPGÅVE

I dag fekk vi ei oppgåve av Albertine om å finne ut kven som lagde kva film i kva for eit årstal og epoke. Dette var ein individuell komkurranse i klassen, men sidan eg ikkje hadde oppe dataen min akkurat i den timen, så var eg på lag med Marta. Vi kom på 4 plass og så fekk vi velje kva epoke vi ville skrive litt meir om.

Vi valgte å skrive om dogme95 og dermed skriv vi om Lars Von Trier. Han er ein dansk filmskapar fødd i 1956 og tok utdanninga si ved Den Danske Filmskule. Han har laga ei rekke filmar, men "idiotene" er hans fyrste og einaste dogme film.

Her er ein snutt av filmen, "idiotene"




mandag 22. mars 2010

Roll ups!


I dag har vi fått i oppgåve og finne tips og triks til å få til ein flott Roll ups. For dåkke som ikkje veit kva Roll Ups er, så er det bannera/lærret som feks. kjente produkter lagar for å vidaremidle dei nye produkta sine.

Her er ei side som de kan trykke på for å få litt inspirasjon til kva de kan ha på bannera:
(Trykk her )


Her kan du sjå på forskjellige design for forskjellige produkt og bedrifter.

torsdag 25. februar 2010

Prosjekt i februar

I februar måned har vi hatt eit prosjekt om lys.
Prsjektet gjekk ut på:

Oppgåva:

Lag ein bildeserie på 5-10 bilder.

Serien skal innehalde:

  • Bilde med morgonlys

  • Bilde med kveldslys

  • Studiobilde med blits

  • Andre ”vanlege” bilder

Rediger bilda i PS, og sett dei på ei dobbel A3 side i ID ( In design, eit program som ein brukar når ein feks. skal lage avisartikklar.)

Skriv ein kort bildetekst til kvart bilde.
Bilda skal printast ut i høgkvalitet og stillast ut på tavla utanfor
grupperomma i 1.etg på Campus


Dette vart mitt resultat:

mandag 1. februar 2010

Ei side du bør besøke

Eg har sett litt rundt på dei andre sine bloggar, og eg har kommt fram til at Nicolai i klassen min, har ei veldig bra side, der han beskriv ganske bra om kordan man kan bruke flash programmet og kva nyttige ting man kan bruke det til.

Besøk han her:
Nicolai Lie Kortner

mandag 25. januar 2010

Rekamefilm - New Energy

Dersom du likar og redigere film og musikk, journalistikk og ta bilde, er media linja eit lurt valg for deg. Vi har vert innom dei fleste tema i det første halvåret, berre for å få ein liten forsmak på kva vi skal gjere vidare oppgjennom dei åra vi har her.

Denne reklame filmen har eg, Martin Andreas & Grete Olin laga. Vi hadde prosjekt på skulen i å lage reklamefilm av eit slag. Vi vart delt inn i grupper og satte oss ned og hadde idemyldring og brainstorming. Vi vart til slutt einige om at vi skulle lage reklamefilm av New Energy sjokoladen.
Vi brukte kamera med mikrofon på, hund (stor "dusk" som er ein mikrofon) som vi brukar utandørs dersom det er masse vind. Dusken skal då "sperre" for vinden og fange opp mest mulig av stemmene og vi eit stativ.

Alle tre brukte samme filmen og la den innpå datan, men alle redigerte individuelt i eit program vi har fått av skulen, final cut. Der kan du reigere lyden, litt bildeutsnitt, og legge til diverse overgangar.

Dette er mitt resultat av filmredigeringa, og eg vart veldig fornøgd. Det eg ser no er at på slutten av filmen burde eg sprunge litt lenger for å få gjort openget litt meir overbevisande, at den slitne personen verkeleg vart oppkvikka av sjokoladen han fekk. På filmen no spring eg berre eit lite stykke, og det er kanskje litt vanskeleg og forstå poenget. Men dette var det første filredigeringsprosjektet vårt, og eg er veldig fornøgd med at eg har fått til dette så bra som eg gjore.

Sleng gjerne inn ein kommentar og sei kva du synest om filmen, og kva eg, Martin & Grete Olin kunne gjort bedre.


tirsdag 19. januar 2010

Websider

Den siste veka på skulen har vi lært og lage internettsider frå basisgrunn av. Dette synest eg er kjempe kjekt! Er faktisk ganske fornøgd med nettsida mi, for at det er de første eg har laga.
Slik ser mi index side ut.
Altså, framsida mi.
Alt dette har eg laga sjøl, bortsett frå dei roll-over knappane som går fra å vere rosa og til kvit når musepeikaren er på menyen.






Headeren har eg laga i flash og det kjem opp ein og ein bokstav kvart sekund, det rullar på ein måte.



@ Hilde Mykland

mandag 18. januar 2010

Sara Eline & Hilde























Vi var nede i studio her ein dag, og då tok vi mange fine bilder.